"GOSPEL FOR NON-BELIEVERS" av Helge Torvund

 

Eg tenkjer mange gonger på kva det eigentleg er som får oss menneske til å bryta ut i song, til å ta opp eit instrument og slå ein akkord, setja seg ned ved klaveret å øva og øva. Men når eg lyttar til Olav Larsen vert alle slike tankar borte. Det er eit så sterkt kjenslemessig trøkk i desse songane, slik ei openbar glede ved sjølve det å kunna uttrykkje desse kjenslene, at alle ting bare fell på plass.. Å syngja gospel på Jæren saman med nokre av dei beste musikarane me har, er å slå eit toneband kring halve kloden og løfta fram det som er felles ved bluesen frå Mississipideltaet og bondegardane langs Håelva, det fellesmenneskelege  tilværet som finst både i bomullsmarkene i Louisianna og ved dei bølgjande kornåkrane og potetjordene innanfor strendene her heime.  Når ein høyrer Olav Larsen opptre, maktar han å fylla kvar kubikkcentimeter av rommet med musikalsk nerve. Ei nerve som livnærer seg både av levd nåliv og av noko av det beste frå musikksoga i USA.

Dette er rett og slett gripande vakker musikk. Sterkt og godt blueshandverk kopla med  lågmælte energiske rytmar og gjennomført harmonisk samsong. Musikken, songen og tekstane framkallar eit dobbelteksponert bilete av deltablues og gospel og jærske sletter og steingardar. Av svevande svaler og rytmisk kraft som eit morgontog på Jærbanen. Av og til ser eg for meg ein dunkel bar i ein by eg har gløymt namnet på og av og til ser eg eit bedehus ein mørk kveld der det einaste lyset du kan skimta i dei små vindaugo er røysta til Anita Bekkeheien.  Å syngja gospel er å framføra sjela si historie.

Bestill CD (150 kr) og/eller LP (250 kr):

© 2018 by Olav Larsen